page view image

Kort og godt med Pedro Carmona-Alvarez

Kort og godt er ein opplesingsserie, og har Pedro Carmona-Alvarez som hovudgjest i november. Han har invitert fire gjestar til å lese opp eigne tekstar, som på eit vis eller eit anna kan koplast til hans sjølvvalde tema, som er slektskap. Pedro sine gjestar er Kjersti Annesdatter Skomsvold, Fredrik S. Hagen og Kajsa Bøyum.

Informasjon
event image

Velkommen til Kort og godt, ei serie arrangement med opplesingar med varierande tematikk og gjestar. Kvart arrangement har ein hovudgjest som inviterer tre forfattarkollegaer til å lese opp noko frå sine forfattarskap. Hovudgjesten vel seg òg eit tema, som alle saman har i bakhovudet då dei vel tekst til opplesing. Forfattar, poet, musikar og altmogleg-mann Pedro Carmona-Alvarez er kveldens hovudgjest. Han har valt seg temaet slektskap, og har invitert med seg forfattarkollegaene Fredrik S. Hagen, Kajsa Bøyum og Kjersti Annesdatter Skomsvold. På kva slags måte tekstane deira kastar lys over temaet, gjenstår å sjå.

‍

Når: Onsdag 11. november kl. 19.30

Kvar: Byrommet, Kong Oscarsgate 24-26, Bergen sentrum

Billettar: "Betal det du kan" - frå kr 50,-

‍

Pedro Carmona-Alvarez debuterte med diktsamlinga Helter i 1997, og har siden utgitt romaner, dikt, skodespel og essay. Carmona-Alvarez har mottatt ei rekke priser, mellom anna Sultprisen, P2-lytternes romanpris, Kritikerprisen, Triztan Vindtorn poesipris og Riksmålsprisen. Bøkene hans er omsett til ei rekke språk. Carmona-Alvarez er ute no med siste bind, Den siste valsen, i trilogien om Marita Richards, som byrja med romanen Og været skiftet og det ble sommer og så videre fra 2012.

Kajsa Bøyum kjem frå Lysefjorden i Bjørnafjorden kommune, og er busett i Bergen. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Bergen, og har ein mastergrad i litteraturformidling. Orgelskogen er hennar første roman og den kom ut tidlegare i år.

Fredrik S. Hagen er forfattar, historikar og litteraturkritikar. Hagen kjem frå Odda, men er busett i Bergen. Han jobbar som førsteamanuensis ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, Høgskolen på Vestlandet (HVL). Han debuterte i 2017 med boka Jeg kom plutselig til å slutte å tenke på deg. Hagen sine tekstar er i utval omsett til en rekke språk, og boka LA DET BLI / EN ENSOM TID er i sin heilskap omsett til tysk

Kjersti Annesdatter Skomsvold har eit betydeleg forfatterskap, som består av romanar, dikt og essays. Ho debuterte i 2009 med romanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg, som ho fekk Vesaas' debutantpris for og som vart kortlista til den prestisjetunge International IMPAC Dublin Literary Award. I 2015 vart Skomsvold tildelt Doblougprisen for forfattarskapen sin. Bøkene hennar kjem ut i 26 land. Skomsvold er i år aktuell med samtaleboka Jeg skriver for å bli et menneske.

‍Kort og godt er støtta av Bergen kommune og Forfattersentrums medlemsfond.

‍Byrommet er vår nye medarrangør! Arrangementene våre finn stad i kafeen, der du kan kjøpe deg mat og drikke (øl/vin/mineralvatn).

litteratur